Don't Drink the Water

Woody Allen har stort sett laga kinofilmar, men i 1994 gjorde han unntak med tv-filmen Don't Drink the Water.

Dette er ein komedie om den kalde krigen på 1960-talet. Ein amerikansk familie er på tur. Da faren i familie tar eit fotografi ein stad han ikkje burde, blir han skulda for å vere spion. Familien søker dermed asyl i den næraste amerikanske ambassaden.

Det er i ambassaden at det meste av handlinga til filmen går føre seg. Og det er her det merkast at dette er ein tv-film med avgrensa budsjett. Men det som går føre seg er eit morosamt kaos, så reint bortsett frå mine fordommar mot tv-filmar, som er i ferd med å forsvinne, så er dette ei god sak.

Don't Drink the Water 1994 plakat - Filmdagbok