Don't Open Till Christmas

Film / 1984
1/5

Don't Open Till Christmas er ein slasher frå 1980-talet. Sesongarbeidande julenissar blir drepe på løpande band rundt om i Soho i London. Politiet står ansikt til ansikt med vanskelege utfordringar i jakta på drapsmannen.

Drapsmannen i Don't Open Till Christmas har tydeleg ei drivkraft som får han til å drepe julenissar. Og drapa stikk seg fort fram som den raude tråden. Dessverre er det ingen eller få deler av filmen som er opplagte eller logiske. Scener som skal forklare og byggje opp rundt karakterane er fjerna eller aldri påkosta produksjonen. Store deler av Don't Open Till Christmas blir ei uregelmessig hopping framover i tid.

Don't Open Till Christmas er eit resultat av elendig manus og amatørar bak teknikken. Musikken er det einaste unntaket. Sjølv om budsjett ikkje er synonymt med kvalitet, så ville Don't Open Till Christmas sett seg tent med påkosta assistanse. Bruken av lys er eit av dei verste eksempla og kan bli forveksla med ein person med lommelykt.

Filmen har underhaldningsverdi i mangelen på kvalitetar. Evna han har til å overraske med totalt håplause scener som kjem tilfeldig på rekke og rad. Men det er langt i frå godt nok. Filmen ligg an til å bli den verste julefilmen eg ser i år. Julestemning er fråverande mens keisemd toppar som passande ordval.

Don't Open Till Christmas 1984 plakat - Filmdagbok