Don't Tell Mom the Babysitter's Dead

Ei åleinemor drar på ferie i tre månader og lar sine fire barn vere igjen med ei gammal barnevakt. Same kveld som mora har dratt, kreperer den gamle barnevakta, og ungane blir utan pass.

Dei er så gamle at dei straks kan bli einige og bestemme seg for å gjere kva dei kan for å ikkje la mora komme heim igjen. Den eldste i søskenflokken er 17 år og blir spelt av Christina Applegate.

Don't Tell Mom the Babysitter's Dead er ein uhøgtideleg familie- og tenåringskomedie frå same periode som blant anna Home Alone og Mrs. Doubtfire. Han har unekteleg den same stilen, med eit sprøtt utgangspunkt, eit passe vakse innhald og ein liten lærdom.

Barna og ungdommane i Don't Tell Mom the Babysitter's Dead er i fråvær av mor, barnepassar og pengar nøydd til å bli vaksne fort. Det er her lærdommen ligg.

Dette er ein fornøyeleg komedie med mange vitsar. Aldri hysterisk, men mykje humring. Uttrykk og musikken til filmen er svært tungt prega av samtida, og eit lite bonanza sånn sett for dei interessert i 1980- og tidleg 1990-tal. Daterte klisjear er det mange av, og filmmusikken er overraskande tung og passar aldeles ikkje inn. Likevel sit eg igjen med at dette er ein lett og morosam film.

Don't Tell Mom the Babysitter's Dead 1991 plakat - Filmdagbok