Doomsday (2008)

Film / 2. september 2010
3/5

Doomsday er en festleg film, men ikkje en utan manglar. Det flotte er at filmen i liten grad tar skade av manglane. Ut i fra det som er å forvente fra filmen, er den fullt ut tilstrekkeleg.

Rhona Mitra, et pent ansikt som tidlegare har gjort en rekke tv-roller, spilt mot Sacha Baron Cohen i Ali G Indahouse og gjort nakenscene i Hollow Man, spelar tøff kvinne i hovudrolla. Vi følger Mitra som major, som i år 2035 blir sendt til et Skottland som har vore i karantene siden tidleg 2000-tal.

Et virus er årsaken til karantena, som fikk myndigheitene til å sette opp mur og avsperring rundt hele Skottland. Men da viruset dukkar opp i London nærare 30 år seinare, ønsker statsministeren i Storbritannia å sjå etter overlevande i Skottland, som kan vere til hjelp for en vaksine mot viruset.

Majoren blir sendt til Skottland, og deretter handlar filmen meir om urban decay, ekstremt grafisk vald og blodsutgyting Filmen kan på sett og vis skildrast som ei blanding av Escape from New York, Mad Max og The Warriors. Da er det klart, som kinoplakaten er med på å vise, at filmen handlar om anarkistiske grupper i rare kostymer og frisyrer. Litt nostalgi opp i det heile, om en tar samanlikningane, passar godt i ein film som tar seg uhøgtideleg som Doomsday gjer.

Doomsday 2008 plakat - Filmdagbok

Regi

Neil Marshall

Manus

Neil Marshall

Skodespelarar

Caryn Peterson, Adeola Ariyo, Emma Cleasby, Christine Tomlinson, Vernon Willemse, Paul Hyett, Daniel Read, Karl Thaning, Stephen Hughes, Jason Cope

Sjangrar

Action, Science fiction, Thriller

Land

Storbritannia, USA, Sør-Afrika, Tyskland

IMDb

IMDb-side om Doomsday

Forfattar