Dorm Daze 2

I løpet av dei nesten 30 åra National Lampoon har vore i filmbransjen har det komme 31 filmar av denne opphavlege magasinfranchisen. Korleis oppfølgjaren til Dorm Daze frå 2003 har klart å få støtte for å bli laga er for meg eit mysterium, men det lokka iallfall meg til filmen.

Så, er denne rett på video-filmen eit meisterverk utan like, eller er han nok ei uordna blanding av døv amerikansk ungdomsshumor med topplause damer, røyking av marihuana, forviklingar og B-skodespelarar? Svaret seier seg sjølv, men på spørsmålet om det er morosamt stiller eg meg litt meir positivt. Døv humor kan innimellom vere det som skal til, og eg har aldri hatt problemet med å fullføre ein National Lampoon-film, Dorm Daze 2 er heller ingen unntak. Likevel om miljøet er så fjernt som du kan få det.

Historia går for seg på eit cruiseskip, der andre klassen på eit college er for å framføre eit skodespel, og er såleis ei fortsetting på Dorm Daze. Så er det drikking, nakne menneske, forsøk på å ha sex, ein stolen diamant og drap involvert. Det heile er gjennomsnittleg morosamt fram til det er ein halvtime igjen, då tok det seg opp nokon hakk og vart akkurat sprøtt nok til at eg koste meg godt.

Gjengen med skodespelarar er ikkje spesielt imponerande, men inneheld eit par kjente namn i National Lampoon-samanheng. Dei fleste spelte rett nok i første filmen, Chris Owen, men eit par nye namn dukka og opp, deriblant modellen Vida Guerra og Justin Whalin som ikkje har gjort stort etter si rolle i Lois & Clark: The New Adventures of Superman. Sånn at det er sagt. Eg legg ikkje så mykje bry på å vurdere dette i ein slik film.

Dorm Daze 2 2006 plakat - Filmdagbok