Downton Abbey (2010–2015)

Serie / 27. desember 2015
3/5

Det er på tide å skrive eit par ord om Downton Abbey, ein britiske serie som har herja i alle aldersgrupper i fleire år no, og som no stort sett har tatt slutt.

Eg gav meg i gang med denne av rein nysgjerrigheit, på grunn av alt snakket. Eg har latt meg underhalda og irritere omtrent like mykje, når eg ser tilbake på dei seks sesongane til serien. Men innleiingsvis og heilt mot slutten har eg vore positivt innstilt.

Ville eg ha sett i gang med serien om eg sat med kunnskap frå å vere etterpåklok, så er svaret nei. Til dette har ikkje Downton Abbey levert godt nok. Med det meiner eg at verken handling eller karakterar har klart å skape stor nok interesse. Serien har på sitt beste vore ei behageleg oppleving, ein koseleg serie om det går an å sei det sånn.

Irritasjonen min undervegs har stort sett dreia seg om to ting. Karakterar som insisterer på å oppføre seg som idiotar, uansett kva fornuftige innspel andre gir til dei. Og den av og til altfor føreseielege tragedien i serien, som nesten er parodisk, og som ikkje er pakka inn på ein truverdig nok måte.

Kritikk til side, og det faktum at eg ofte fullfører seriar eg byrjar på, sjølv om dei går nedover. Downton Abbey var ikkje ein serie eg plagast med å fullføre. Mine forventningar justerte seg etter kvart, og om ikkje anna så blei eg tidvis overraska over enkelte utfall. Eg gleda meg også over humoren, og engasjerte meg litt ekstra på tampen av serien.

Julespesialen og siste episode blei ein slags bonus etter avsluttinga. Serien slutta på ein føreseieleg måte som kunne ha blitt spådd i god tid, men det er for så vidt greit.

Downton Abbey 2010-2015 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

ITV, Downton Abbey

Skapar

Julian Fellowes

Skodespelarar

Hugh Bonneville, Laura Carmichael, Jim Carter (I), Brendan Coyle (I), Michelle Dockery, Joanne Froggatt, Rob James-Collier, Phyllis Logan, Elizabeth McGovern, Sophie McShera

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Downton Abbey

Forfattar