Dr. Horrible's Sing-Along Blog

Den sjølvfinansierte serien av Joss Whedon laga for internett gjekk an å sjå gratis i ein avgrensa periode. Fortvil ikkje om du gjekk glipp av han, serien kan kjøpast og er ikkje heilt fjerna frå vidare sjåing.

I hovudrolla som Dr. Horrible finn me Neil Patrick Harris, ein av mine favorittskodespelarar på tv-fronten for tida. Til vanleg gjer han ei formidabel rolle som Barney i How I Met Your Mother. Dr. Horrible har som mål å bli med i The League of Evil og må bevise for den vonde leiaren i gruppa, Bad Horse, at han har det som skal til for dette. Samtidig er privatlivet hans prega av at han er forelska i søte Penny frå sjølvbeteningsvaskeriet. Å utføre Den Store Onde Gjerninga er ikkje så lett når Captain Hammer, superhelten og redningsmannen i byen, alltid står i vegen.

Dette er handlinga kort fortalt. Litt enkel, men det skal ikkje mangle på sjarm og ikkje minst gode songnummer, for dette er ein musikal. Visse trekk leiar dette mot ein amatørproduksjon, men ved eit nærare blikk er det ingen tvil om at dette er gjort av profesjonelle. Gjennom den enkle handlinga skin også ei meir alvorleg historie som utover serien blir det som held dette oppe.

I det minste artig for fans av Joss Whedon og skodespelarane Neil Patrick Harris og Nathan Fillion, godaste Captain Malcom Reynolds frå Firefly, men sikkert til glede for andre også.

Dr. Horrible's Sing-Along Blog 2008 plakat - Filmdagbok