Dr. No

Film · 1962 · · 27. oktober 2008
4/5

Når det gjeld dei eldre James Bond-filmane har eg så dårleg oversikt at eg ikkje eingong veit om eg har sett Goldfinger. Dette har eg tenkt å gjere noko med. Sidan ingenting av det eg har sett har vore dårleg, eller kanskje kjedeleg er eit betre ordval, så har eg bestemt meg for å starte frå starten først som sist og heller sjå filmane etter når dei blei gitt ut heller eg tilfeldig.

Først ute er Dr. No, med Sean Connery i råvelde av retten til å drepe. Å dømme denne på grunnlag av kor god han er på å introdusere oss for James Bond har eg ikkje via ein tanke til, eg veit kven James Bond er, og har ein idé om kva filmar som ventar meg og likar det godt nok til å ha starta frå starten.

Sean Connery er ein fyr med glimt i auget og eg set pris på korleis han er som James Bond. Filmen er ikkje i overmåte oppstasa med høgteknologiske instrument, men han har ein spiss som gjer at det ikkje er blir ein etterforskingsthriller. Humor og spenning er to viktige stikkord og eg har ingenting å utsette på valet av eit fargerikt miljø. Deler av filmen er spelt inn på Jamaica.

For å holde det gåande med litt om kvar film etter kvart som dei blir sette, blir det ikkje fleire ord om denne. Eg vil la karakteren tale for seg, og avsluttar med desse orda: Stort sett ein god film, eit par småting her og der, som litt lange sekvensar, men han skal ha for ikkje å haste av garde og eg kan ikkje trekke fram noko som nemneverdig negativt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Dr. No 1962 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sean ConneryUrsula AndressJoseph WisemanVis alle

Sjangrar