Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb (1964)

Film / 18. mars 2007
3/5

Min umiddelbare reaksjon til Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb like etter eg så ferdig filmen, var at eg ikkje likte den spesielt mykje. Eg synest det var for mykje kjedeleg snakking, lite handling og en generelt overvurder film.

Seinare har eg latt det synke inn, og eg trur eg likar filmen noko meir. Den ser unekteleg bra ut, har et flott visuelt uttrykk, sjølv om det på langt nær er så imponerande som den seinare 2001: A Space Odyssey kom til å bli.

Sant skal sies så likte eg aldri Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb. Politiske komediar kan vere artig, men hovudårsaka til at eg så denne var nok fordi det var en Stanley Kubrick-film.

Det er ikkje ein komedie til å le høgt av. Den er meir lett og til å humre litt av. Eg likte godt scenene kor presidenten snakkar med en full Dimitri. Andre deler var flate. Komedie er subjektivt, og en av mine favoritter er American Pie, så du kan jo sjølv vurdere mine ord.

Eg likte Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb meir enn eg elska den, for å si det på den måten. Det er definitvt en av Kubricks mindre interessante filmar, men vi kan ikkje alle like alt.

Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb 1964 plakat - Filmdagbok

Regi

Stanley Kubrick

Manus

Stanley Kubrick, Terry Southern, Peter George

Skodespelarar

Peter Sellers (I), George C. Scott, Sterling Hayden, Keenan Wynn, Slim Pickens, Peter Bull (I), James Earl Jones, Tracy Reed (II), Jack Creley, Frank Berry

Sjanger

Komedie

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb

Forfattar