Draft Day

Det er draft day i NFL, ei hending der nye spelarar kjem inn i serien, og laga har moglegheit til å velja sine ønsker i ei gitt rekkefølge. Kevin Costner spelar manager for eit lag, som ikkje har hatt den største lykka etter han fekk posisjonen. Årets draft day er hans sjanse til å forme eit lag som kan spele som han har tenkt seg, men utfordringane står i kø.

Draft Day er eit spel bak scenene, mellom manager og manager på ulike lag. Og ein kamp om å få sine kollegaer og fans med som støtte. Så er det også nye spelarar og deira agentar som ønsker å bli prioritert først i trekninga, ettersom dette definerer lønna dei får.

Eg likte filmen. Han gir eit innblikk i korleis draft day fungerer, og er sett saman som eit godt sportsdrama der mykje skjer, og spenningen stig utover. Dette er dagen da både fleire sportslege og personlege problem kjem til overflata, og sjølv om det er litt for tilfeldig, så er dette film og trådane heng nok saman til å gjere det tåleleg.

Sport på film er gjerne spennande, og eg har sansen for denne vrien som tar meir for seg det som skjer i kulissene til ein sport, men byr på same spenningskurve som ein typisk sportsfilm.

Draft Day 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. juli 2015 av

Regissør

Ivan Reitman

Manusforfattarar

Scott Rothman, Rajiv Joseph

Skodespelarar

Chris Berman, Dave Donaldson, Patrick St. Esprit, Chi McBride, Mel Kiper, Jon Gruden, Kevin Costner, Deion Sanders, Mike Mayock, Jennifer Garner (I)Vis alle 203 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Draft Day