Dream a Little Dream (1989)

Film / 29. mars 2010
3/5

Corey Feldman og Corey Haim, et legendarisk par når det kjem til tenåringsfilm på 1980-talet, sjølv om dei berre spela i tre filmar i lag før 1990.

I Dream a Little Dream har Feldman fått hovudrolla, mens Haim blir skyvd til sides som birolle og venn. Filmen føyer seg inn i rollebytesjangeren, og handlar om en gammal mann som tar kroppen til Feldman.

Filmar om rollebyte er stort sett føreseielege, så innpakninga og komedien blir i større grad enn dei vanlege tilpassingsproblema personen møter, avgjerande for om filmen lykkast. Dream a Little Dream har et opplegg rundt fantasi og draumar som blir for mykje av det gode, og som øydelegg flyten i filmen. Det lovar heller ikkje godt når dei ti første minuttane kjennest ut til å vere tilfeldig redigering som møter kryssklipping. Dei bruker så lang tid på å bygge opp mot at noe skal skje, at det går over fra spenning til avriving av hår av håplause.

Sagt med andre ord ligg dette et stykke unna fullkommen, god film. Men Corey Feldman i hovudrolla leverer, om ikkje Oscar-rolle, så iallfall alt eg forventar av ungdomsskodespel i tenåringskomedie. Han er både et klisjéprega 1980-tals ikon, tilfeldig kul og har en side ved personen sin som skil han ut, ein snev av alvor i et slaskete uttrykk, som gjer at dette blir meir enn en tom tosk.

Dream a Little Dream 1989 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Kroppbyte

Regi

Marc Rocco

Manus

Daniel Jay Franklin, Marc Rocco, D.E. Eisenberg

Skodespelarar

Jason Robards, Corey Feldman, Piper Laurie, Meredith Salenger, Harry Dean Stanton, Corey Haim, Susan Blakely, William McNamara, Matt Adler, Victoria Jackson

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dream a Little Dream

Forfattar