Drifters

Serie
2013–2016
3/5

Den britiske komiserien Drifters handlar om tre venninner i midten av tjueåra. Dei har nyleg gjort seg ferdig med ei utdanning, og står på terskelen til å bli vaksen.

Dette er tre morosame kvinner, og Drifters er ein lett og ledig komedie med nokon gode poeng. Serien toppar seg nok aldri, men held eit greitt nivå. Moglegvis med ein litt svakare tredje og fjerde sesong. Årsaka er at me då har opplevd overgangen frå studium til arbeidsliv så lenge at situasjonen blir drege litt ut.

Drifters er ikkje den første serien eg vil anbefale, men er blant nokre komiseriar frå Channel 4 som er lett tilgjengeleg å byrje på. Det er òg ein kort serie med det vanlege britiske opplegget på seks episodar per sesong.

Drifters 2013-2016 plakat - Filmdagbok

Publisert

8. januar 2019 av

Skapar

Jessica Knappett

Skodespelarar

Jessica Knappett, Lydia Rose Bewley, Lauren O'Rourke (II), Bobby Hirston, Arabella Weir, Bob Mortimer, Philip McGinley, Nick Mohammed (I), Brett Goldstein (II), Sam JacksonVis alle 161 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Drifters