Drillbit Taylor

Gjennom åra har fleire samansetningar av skodespelarar blitt kalla packs, me har Rat Pack, Brat Pack og Frat Pack. Er Judd Apatow senter for den nye store packen? Fleire populære engelskspråklege filmbloggar skriv om dette. Eg stiller meg derimot kritisk ettersom Judd Apatow har gått veldig mykje ut til sidene med å produsere framfor berre å samle kameratane sine framfor kamera i komediar.

I Drillbit Taylor finn me han igjen på produsentsida. Seth Rogen som har det med å dukke opp i samanheng med det Judd Apatow gjer og har vore med på manussida her, men sett bort frå dette er det ingen kjente framfor kamera anna enn Owen Wilson, som på si side høyrer eller høyrde til Frat Pack (Ben Stiller, Will Ferrell, med flere).

Siste året har det derimot vore snakk om at Frat Pack som det brukte å vere ikkje eksisterer lengre, trass i at nokon av dei i gjengen har det med å spele inn i film i lag. Diskusjonen får bli utsett til ein annan gong.

Drillbit Taylor skor seg på Owen Wilson sitt namn, men det er eigentleg to små ungar som står i spissen for handlinga, desse og det uduguelege sidestykket av ein venn eg aldri ser poenget med å inkludere, minner mistenkeleg mykje om gutane i Superbad. Superbad er ein annan film som involverer Seth Rogen på manussida og Judd Apatow som produsent, men som også har fleire kjent ansikt frå tidlegare Judd Apatow-arbeid på skjermen.

Problemet er at gutane i Drillbit Taylor aldri er morosame, dei framstår som bleike kopiar med ein feit, ein tynnare og ein übergeek, samanlikna med Superbad-gjengen. Owen Wilson ror lett i hamn plassen som skuldra å støtte seg på i filmen, med sin vante og avslappa spelestil, utan at det gjer filmen til ein nemneverdig sterk komedie. Drillbit Taylor luktar gjennomsnittleg heile vegen, iallfall nesten heile vegen. Eit lite søkelys mot mobbing og unnastyring av dei verste stereotypane trekk det litt opp og eg finn meg sjølv i å trekke på smilebandet eit par stader, men dessverre altfor få.

Det Drillbit Taylor manglar er karakterar med meir djupn, større talent på skjermen som kan utfordre i staden for å trekke ned Owen Wilson. Den leverte historia er til dels grei nok, litt føreseieleg sett i retrospektiv, men undervegs kurant nok. Problemet mitt er kanskje at eg stadig sat og hadde trua på betre og haldt ut dei 110 minuttane på grunn av dette, for eg lét meg aldri underhalda så altfor masse, berre midt på treet.

Drillbit Taylor 2008 plakat - Filmdagbok

Publisert

16. juni 2008 av

Regissør

Steven Brill

Manusforfattarar

John Hughes (I), Kristofor Brown, Seth Rogen

Skodespelarar

Nate Hartley, Troy Gentile, Ian Roberts (II), Owen Wilson (I), Casey Boersma, Dylan Boersma, Lisa Ann Walter, Beth Littleford, David Koechner, Matt Walsh (I)Vis alle 95 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Drillbit Taylor