Drinking Buddies

Det beste med Drinking Buddies er øldrikkinga. Som eit mjukt og varmt teppe pakkar drikkinga filmen inn i ei god og varm stemning.

Den store mengda som blir konsumert og som gir bilde av eit endå større dagleg konsum, opnar for mange spørsmål undervegs. Den ekstra dimensjonen er som gull på toppen av ein elles fin og solid romantisk komedie av den seriøse typen.

Eit flott stjernegalleri er ein annan styrke Drinking Buddies har. Folk som er lette å like og som spelar gode karakterar du både blir kjent med, opptatt av og som framstår som ekte nok.

Ein god komedie og ein anbefalt film.

Drinking Buddies 2013 plakat - Filmdagbok