Driving Lessons (2006)

Film / 23. september 2006
4/5

Det tok litt tid før eg endeleg skjønte poenget med tittelen til filmen. At den har meir å si enn berre å vise til de få køyretimane filmens hovudrolle, Ben Marshall (Rupert Grint), har.

Filmen kviler hovudsakleg på Bens og Evie Waltons (Julie Walters) skuldrer. Dei er den kjekke kombinasjonen av et stykke ungdom og en gammal pensjonert skodespelar. For å avfeie det først som sist, dette er ingen nyversjon av Harold and Maude, sjølv om stilen og nokon av karakterane kan virke like. Spesielt bilen til Evie trekker merksemda min mot Harold and Maude tidleg.

Så, kva handlar filmen om? Ben er veldig sky, har en overbeskyttende mor og høyrer til et veldig kristent heim. Han får seg sommarjobb hjå Evie som hushjelp, assistent og venn, og blir presset til å gjere ting som mora hans absolutt ikkje ville latt han gjere, som for eksempel å reise på overnattingstur i telt.

Dette er lun britisk humor, ein film som gir ei god kjensle, og har en god blanding av engelsk natur og musikk, samt innspel av skotsk kultur. Den er til tider veldig flau, klarer å frustrere og er fin å berre sette seg tilbake i sofaen og nyte.

Driving Lessons 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Jeremy Brock

Manus

Jeremy Brock

Skodespelarar

Rupert Grint, Fay Cohen, Ruby Mortlock, Don Wetherhead, Laura Linney, Oliver Milburn, Tamsin Egerton, Nicholas Farrell, Jim Norton (I), Julie Walters

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Driving Lessons

Forfattar