Drømmeslottet

Denne norske filmen frå 1986 er laga av eit godt kjent filmskaparpar i samanhengen til norsk filmhistorie: Petter Vennerød og Svend Wam. Dei er kjent for filmar som Lasse & Geir og Adjø solidaritet. Og ein av dei verste filmane eg nokon gong har sett, Hotel St. Pauli. Totalt laga dei 14 spelefilmar mellom 1975 og 1995.

I 2010 skreiv eg masteroppgåve om analyse av norske kinoplakatar, og plakaten til Drømmeslottet var ein av dei eg tok for meg. Så i staden for å skrive eit vanleg innlegg, gjengir eg kapittelet frå oppgåva her:

Svend Wam og Petter Vennerød er kjent for å ha laga mange filmar i lag. Drømmeslottet er ein del av ein trilogi som omhandlar 68-generasjonen, der handlinga går føre seg på 1970-talet. Trilogien, som elles består av dei to andre filmane Åpen framtid og Adjø, solidaritet, var meint å framstille forholda i dei sosiale laga og forholda innanfor politikken i dei tidsromma handlingane føregår i.

Drømmeslottet handlar om tre ektepar som går inn for å oppfylle ein draum dei har hatt sidan ungdommen. Draumen er å flytte inn i eit kollektiv i lag, saman med barna sine, og leve som ein stor familie. Filmen startar nesten eit år inn i oppussingsarbeidet og ei stund etter dei har flytta inn. Sidan alle har kjent kvarandre sidan dei gjekk på skule, trur dei at dei kjenner kvarandre så godt som ein kan kjenne nokon. Ferdiggjeringa av oppussinga skal samanfalle med eit 1-årsjublieum, og under jubileumsfesten som følgjer får oppsamla frustrasjon og ueinigheiter utløp.

Det viser seg at det er store skilnader dei i mellom, og det blir openberra sider ved personlegdomane som både irriterer og provoserer sambuarane. Skilnadane som har gnege på forholdet mellom bebuarane i løpet av tida som sambuarar, kan ikkje lengre bli oversett. Då kvardagen innhentar dei igjen etter festen, har fleire ubehagelege sanningar har kome til overflata. Her sluttar filmen og den store utfordringa i å leve i lag byrjar. Som Svend Wam og Petter Vennerød har blitt kjent for, set politisk polarisering og motkulturelle preg på filmen.

Formale trekk

Grovt sett kan plakaten delast inn i fire seksjonar med felles bakgrunn. Bakgrunnen går frå oransje i toppen til raud i botnen, og har ein tekstur som minnar om ein uferdig måla vegg. Over bakgrunnen har me i toppen eit felt med tekst. Under dette feltet er det ein collage, deretter følgjer logoen og i botnen eit felt med tekst. Teksten på toppen av plakaten er tileigna regissørane, Svend Wam og Petter Vennerød. Dei blir presentert av Norsk Film A/S ved Lasse Glomm. Ampersand knyter namna Svend Wam og Petter Vennerød som team, tett i lag.

Collagen i svart-kvitt med fleire av rollefigurane frå filmen, er sett saman av fleire sekvensar som viser dei i ulike handlingar. I tillegg til at fargen er fjerna har bildet fått ein grov tekstur som oppfattast som støy. Element som tyder på at bilda har gjennomgått ein fase med ein illustratør i tillegg til å vere utklipp frå filmen, kjem fram gjennom refleksjonen av lys i enden på øksa.

Under collagen kjem logoen med store, feite bokstavar i svart med kvit skugge. På venstre side av teksten i logoen er ei teikning av eit hus. Filmtittelen er delt opp i dei to orda det er sett saman av, over to linjer utan bindestrek. Ei sprekke deler opp fleire av bokstavane i Drømme. I Slottet har O-en blitt forma som ein eksplosjon. Både Drømme og Slottet, som eigentleg er eit samanhengane ord, har ein ekstra stor versal fremst, og er ikkje kopla saman med bindestrek.

Nedst på plakaten har me ei kredittblokk med namn knytt til produksjonen. Skode- spelarane blir lista opp med tydeleg kvit skrift, skild av runde kvite prikkar. Med litt mindre skrift har delar av produksjonsapparatet fått plass under skodespelarane. Under desse står det nemnt kva medium ein kan få originalmusikken frå filmen på.

I tillegg til ein logo for nytta lydteknologi og ein for Norsk Film as. Plakaten er kreditert Grafisk design: Tore Stang.

Analyse av formale trekk

Då plakaten til Drømmeslottet nyttar ulike fargar innanfor eit område av oransje og raud i fargespekteret, blir dette ein av dei mest pregande av dei formelle trekka. Både collagen og illustrasjonen ved logoen er i motsetning til bakgrunnen, svart-kvitt. Blanding av raud og oransje gir assosiasjonar til flammar. Dette er igjen med på å få fram ein temperatur rundt filmen. Av dette dannar det seg forventingar om at dette er eit drama med oppheta diskusjonar og høgt temperament.

Den raude og oransje fargen i bakgrunnen er ujamt påført, men dekkjer omlag heile flata til plakaten. Raud dominerer og er jamnare påført på nedre del av plakaten enn oransje og gul er på øvre. Målingsarbeidet er uferdig, men står i forhold til bilda i svart-kvitt som eit påbyrja målingsarbeid. Av di den måla veggen er flat og ikkje kledd med bord, som norske trehus flest, er det nok ein vegg inni huset. Sidan huset ved logoen er i svart-kvitt, er det ikkje mogleg å tyde kor vidt utsida av huset skal vere ferdig. At huset er svart-kvitt gjer at det ikkje tek bort merksemda frå logoen, og eg skal ikkje spekulere om det er eit symbol på eit uferdig hus. Er det slik at personane i filmen ikkje er ferdige som personar, sidan veggen inne ikkje er ferdig måla? At dette får utløp i konfrontasjonar, der dei mislykkast i å sjå på situasjonen som anna enn rake motsetningar, som svart er i forhold til kvit?

Sprekka og eksplosjonen i logoen er ein dramatisk effekt som stiller seg i sterk kontrast med den idylliske filmtittelen. Ei sprekke er ein skade og ei øydelegging som kan ha fatale konsekvensar, men ein skade eg ser for meg at kan reparerast. Til dømes kan ei asfaltsprekke få fylt på ny asfalt. Sprekka her er ikkje heilt jamn, delar av bokstavane er borte og kvar side av sprekka passar ikkje nøyaktig i lag. Endane og variasjonen av breidda på bokstavane gir eit preg av penselsstrøk som kan knytast opp mot ein penselsbruk i bakgrunnen. Eksplosjonen frå O-en er ei form for fullstendig øydelegging, der ein heilskap er redusert til knøttsmå fragment. Ein eksplosjon krev at noko blir bygd opp frå grunnen igjen, viss det ligg til rette for at dette i det heile går. Logoen med si sprekke og sin eksplosjon sender tankane mot handling i filmen som følgjer: Eit fellesskap av folk som bur i eit stort hus, ein villa, der ting etter kvart vil gå dårleg: Sjå sprekka, som kan bli ordna. Og til slutten vil allting gå under, derav eksplosjonen.

Bygningen på venstre side av logoen kan i bakgrunn av det spisse tårnet og ein bratt, skrå ark som stikk ut, seiast å vere ein stor villa. At plakaten er prega av element knytt til oppussing, ser eg for meg at heile eller delar av handlinga vil gå føre seg i ein eldre villa under oppussing. Folka treng difor ikkje vere verken rike eller borgarlege, spesielt ikkje viss dei gjer oppussinga sjølv.

Ein kan trekkje slutninga om at folka på collagen har noko med dette drømmeslottet å gjere, både ved at det i bildet som i logoen er element som forstyrrar idyllen. To av mennene er i nærkamp, den eine med ei øks i handa. Ein tredje mann knyter neven sin. Rundt desse finst det derimot ei smilande dame og to personar som er i nærkontakt utan å vere i konflikt. Altså er det snakk om både uro og vennskap.

I ein kulturell kontekst

Svend Wam og Petter Vennerød har fått mykje kritikk for filmane sine, mellom anna for ufrivillig komedie i fleire av dei. Det blir påpeika i eit kinoprogram at intensjonane deira ikkje har vore å skape dei komediane eller typen drama som folk har teke mange av filmane for å vere. Dei vil få fram ei stemme om sosiale forhold og bruke filmmediet til å nå ut om meiningane sine og desse forholda. Med kjennskap til Svend Wam og Petter Vennerød sine opprop mot borgarklassen og stemme for sosialdemokratiet gjennom tidlegare filmar, er det at Drømmeslottet er sett til ein eldre villa som kan ha tilhøyrt ein borgarklasse eit grep for indre konflikt. Ein kan forvente rollefigurar som er i mot borgarklassen. Drømmeslottet føyer seg inn i ei rekkje filmsamarbeid mellom Petter Vennerød. Dei med kjennskap til duoen vil ha forventingar knytt til dette, namna kjem tydeleg fram på plakaten, og ein kan trygt seie at dette er eit av grepa som blir gjort med tanke på marknadsføring.

Når ein skal setje denne plakaten inn i ein kulturell kontekst, bør ein leggje vekt på meir enn det som er sagt om filmen. Ei tolking som tek utgangspunkt i at ein kjenner til den sentrale handlinga, kan forsvarast ved at mange norske filmar får ei brei mediedekning. Spesielt i tida rundt då plakaten er å finne rundt. I ein PR-kampanje vil plakaten berre vere eit av mange midlar for å nå ut. Den står ikkje på eigne bein.

Ved første augekast er dette ein plakat som er innanfor rammene til den standardiserte kinoplakaten. Her er logoen på plass, me ser kven som spelar i filmen og kan kjenne igjen andleta på fleire av desse. Filmen har plassert kredittblokka nedst og bli presentert av Norsk Film A/S øvst.

Det direkte samspelet mellom ein villa og filmtittelen kan framhevast som eit interessant grep. Eit vanleg, og viktig grep på kinoplakaten, er å bruke ein skrifttype i logoen som er tydeleg og kan seie noko om innhaldet i filmen. Det er ikkje alltid gitt at kinoplakaten vil by på ein original logo der skrifttypen er laga på nytt frå botnen av. Fleire enkle val er ofte tekne på bakgrunn av ein etablert, om enn uoffisiell standard for logoutforming. Heller enn ein standard, kan ein kalle det for trendar. Trendar endrar seg over tid, slik som plakatar har endra seg. Døme på trendar er logoen til Speed, som er versalar i kursiv, mykje brukt til actionfilmar, spesielt på 1990-talet. Sjølv om ein framleis kan sjå den blir brukt i dag. Ein anna variant er bruken av ein skrifttype i nærleiken av Windsor, den typen Woody Allen har halde seg under opningssekvensen i filmane sine i fleire tiår. Woody Allen er eit ikon innanfor drama og komedie, som ofte har eit intellektuelt preg ved seg. Det er ikkje sagt at alle filmar som brukar Windsor eller liknande skrifttypar, siktar mot ei målgruppa der alle er tilhengjarar av filmane til Woody Allen. Men det kan tenkjast at desse plakatane rettar seg mot eit publikum som er opptekne av meir intellektuelle komediar. Julie & Julia er ein film som har skrifttype av denne sorten. To andre trendar er den raude, feite sans-seriff-skrifttypen, som til The Proposal. Den er ofte brukt til mindre kompliserte komediar frå store, amerikanske filmstudio. Og ei handskrift,som den til Napoleon Dynamite er ofte brukt på komediar der protagonisten skil seg ut ved å vere ein raring, einstøing, eller berre annleis.

Det sprokke Drømmeslottet står i lys av dette som ein gjennomtenkt logo. Ikkje berre fortel den kva type film dette er, den fortel noko om kva som kan forventast av filmen i samband med spesifikke handlingar. Plakaten har mange element som seier det same, den er overtydeleg, men får fram mykje om filmen.

Drømmeslottet 1986 plakat - Filmdagbok