Dronningen

Dronningen er ein dansk film om ei kone og mor som innleiar eit forhold til stesonen sin. Det er ei dryg og på kanten historie utan få lyspunkt. Men samtidig ein film med godt skodespel, gode tekniske kvalitetar og ein som fortel historia si med stødig hand.

Dette er nok ein film av typen eg ikkje likte så godt, fordi han lykkast i å fortelje ei ubehageleg historie. Eg er nok ikkje så stor fan av det. Spesielt i ettertid av å ha sett andre dystre filmar blir det litt for mykje. Og slik var det når eg såg Dronningen.

Eg har blanda kjensler til det meste av forløpet av filmen. Men når ting begynner å runde av, og følgande av det som har skjedd blir fortalt, så tar det seg opp eit hakk. Så det eg sit igjen med er opplevinga av ein solid film med ei interessant historie. Som eg trekk ned på fordi det ikkje treff meg så godt.

  • Dronningen 2019 plakat - Filmdagbok
  • Dronningen 2019 plakat - Filmdagbok