Drop Dead Fred

Den store tenåringsfilmstjerna på 1980-talet, Phoebe Cates, spelar ei vaksen kvinne med ein oppdikta venn.

Drop Dead Fred er omtrent så midt på treet som film kan bli. Verken bra eller direkte dårleg. Innimellom slitsam, innimellom artig.

Eg kan ikkje anbefale filmen. Han gav lite, men klarte på ein måte å holde det gåande 90 minuttar til ende.

Phoebe Cates gjer ei grei rolle. Me følger ho på ein nedtur i starten, og filmen byggjer greit opp mot høgdepunktet på slutten. Det er med andre ord litt driv, og driv kan ofte mangle blant betre filmar.

Men sannsynlegvis gløymer eg filmen fort.

Drop Dead Fred 1991 plakat - Filmdagbok