Drop Dead Gorgeous

Kirsten Dunst konkurrerer mot blant andre Denise Richards og Amy Adams i Drop Dead Gorgeous om å vinne skjønnheitkonkurransen i den fiktive småbyen Mount Rose.

Filma som ein liksomdokumentar følger me jenta og nærmiljøet i tida før, under og etter konkurransen. Her skjer det drap og litt av kvart, men alt blir vinkla på lystig vis. Ingenting tar knekken på gleda til innbyggjarane.

Alt som er opplagt gjennom dokumentaren er det ingen som reagerer på blant deltakarane og deira næraste.

Humoren treff meg ikkje heilt, og den liksomdokumentariske stilen er heller ikkje blant mine favorittframstillingar. Det er enkelte scener til å humre litt av, men i det store og heile er det ikkje så mykje å le av. Filmen har sine kvalitetar, og oppbygginga, skodespelet og andre filmtekniske deler er absolutt godkjent. Men det er enkelt og greit mi manglande interesse for framstillinga og komedien, altså ei smakssak, som trekk dette ned.

Drop Dead Gorgeous 1999 plakat - Filmdagbok