Du bei dao wang (1969)

Film / 29. august 2014
3/5

Return of the One-Armed Swordsman er en direkte oppfølgjar til Du bei dao, filmen om Fang Kang (Yu Wang) som mistet armen sin, men likevel blei ein meister med sverdet.

En klan med åtte ulike sverdmestrer, kvar med sine disiplar, har vakse seg store og truer og terroriserer andre klanar i området. Alle klanene blir tvungne til å delta i eit meisterskap, elles vil dei merke dei åtte si vrede.

Fang Kang er det einaste håpet, når ingen klarer å stå i mot dei åtte. Men Fang Kang har lova seg sjølv og kona si at han er ferdig med alt av kampsport.

Dette er grunnlaget for resten av filmen, og utviklinga som følger er verken revolusjonerande eller overraskande. Det koker ned til at filmen etter kvart byr på store mengder med godt koreograferte slåstscener. Langt fleire enn Du bei dao hadde, noko som nesten var å forvente av ein oppfølgjar.

Det blir litt for lite drama til å gjere at filmens handling kjennest like seriøs som i Du bei dao. Fang Kangs historie her kan heller ikkje måle seg med den i forløparen, som var historia om korleis han blei til som sverdmann. Men som en slåssfilm og kamp mot urettferdighet og undertrykking er dette bra. Det er et tilfredsstillande detaljnivå i kampane, i motsetning til filmar som berre skaper slåssingen i klypperommet. Og ikkje minst en svært blodig film.

Mangelen på djupne betyr lite, da det ikkje var forventa. Men lengda på filmen er i lengste laget, og eg kunne tenke meg litt meir variasjon. Uansett, en underhaldande film og en verdig oppfølgjar.

Du bei dao wang 1969 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Shaw Brothers Studio

Regi

Cheh Chang

Manus

Cheh Chang

Skodespelarar

Yu Wang, Chiao Chiao, Chia Essie Lin, Feng Tien, Chiang Chen, Chuan Chen, Hsing-Tang Chen, Shao-Chia Chen, Sing Chen, Lei Cheng

Sjangrar

Action, Eventyr

Land

Hongkong

IMDb

IMDb-side om Du bei dao wang

Forfattar