Duck Soup

Groucho Marx blir leiaren av Freedonia og må handtere spionane Chico Marx og Harpo Marx frå nabolandet.

Ikkje all vitsane er artige, men det er fleire fulltreffarar enn bommertar her. Det er mange gode replikkar. Margaret Dumont er målet for mange av Groucho Marx sin nedsetjande kommentarar.

Høgdepunktet i filmen er det stumme innslaget der Groucho Marx og Harpo Marx ser på kvarandre i etterlikninga av ein spegel. Det er så bra at det er eit minneverdig innslag på tvers av alle komediar eg har sett.

Ulikt fleire av dei andre Marx-filmane, så blir ikkje denne tynga av musikalske mellomspel. Song- og dansenummeret når det blir erklært kring i Sylvania er heller festleg.

Med ei speletid på mindre enn 70 minuttar så varer filmen iallfall ikkje for lenge.

Duck Soup 1933 plakat - Filmdagbok