Duel

Skrekkfilm på hjul midt på lyse dagen er det Duel er. Ein av Steven Spielberg sine tidlege filmar, som er produsert for og sendt på tv. Filmen blei laga i 1971 då Steven Spielberg var knappe 25 år,, og berre hadde bakgrunn i nokon episodar for ymse seriar, eit par kortfilmar her og der og ein Columbo-film bak seg. Til å vere ein tv-film er Duel derimot ganske god, blant det beste eg har vore borti.

Å forklare gangen i handlinga i Duel er lett, det er ein A til Å-film: David Mann set seg inn i bilen og legg ut på ein tur, møter ein rusten lastebil på vegen som køyrer jævla seint. Alle med sertifikatet har opplevd dette.

Han legg seg ut til sida, susar forbi og trur at det var det, men så skjer det alle vil leve utan å oppleve, lastebilen har skjulte hestekrefter og tar igjen David Mann, utelukkande for å drive faenskap. Faenskap er eit mildt ord, denne ukjente lastebilsjåføren har ei hensikt om å starte ein dødsfarleg og for Mann ein ufrivillig, fartsleik.

Dei som ser Top Gear veit at for høg fart berre utgjer 4 % av bilulykkene i Storbritannia og tenker at det ikkje kan vere så aller verst, må tenke seg om igjen, Duel føregår i USA – ein føderasjon der bilane på 1970-talet mangla gode køyreeigenskapar og var reine drapsmaskiner både på motorvegen og i nabolaga.

Men tilbake til Duel. Sjølv om filmen stort sett er rett fram får me enkelte avstikkarar. Duel er på fleire område ein enkel film, ei einaste lang biljakt med eit kafebesøk her og ein bensinstasjon der er ikkje det så komplisert.

Steven Spielberg viser at det ikkje er behov for noko meir. Med svært tydeleg kamerabruk, god spenningsmusikk og den ukjente forfølgaren ser eg spora av det som etter kvart vil bli det eg elska med Jaws.

Duel 1971 plakat - Filmdagbok