Dune

Eit einaste langt gjesp, som eg tvinga meg gjennom i håp om at den skulle bli bra etter kvart, men det skjedde aldri. Eg mista tråden om kven som slåst mot kven, og kvifor krydderet dei snakka om var så viktig, så eg gjekk vel eigentleg glipp av heile historia der.

Blant filmane til David Lynch er dette den verste eg har vore borti, men også den mest påkosta. Har David Lynch gått med på å lage denne for å få kreditt nok til å lage eigne prosjekt etter kvart, eller er dette nok ein spesiell film av fyren?

Spesialeffektar er ikkje vits å diskutere, dette er starten av 1980-talet og det dataanimerte er godt under middels. Men når det gjeld eldre filmar legg eg heller aldri vekt på å vurdere slikt. Det er noko som berre er tilfelle ved nye filmar som heilt og fullt sel seg sjølv som effekthorer. Musikken er laga av Toto og er typisk filmmusikk, bortsett frå musikken i rulletekstsporet som tydeleg gir oss ein ide om kva tiår dette er laga i.

Ingen av karakterane her var særleg folkelege, og eg følte aldri at eg kom nær nok innpå nokon av dei til å verkeleg bli interessert i kva som skjedde eller skulle skje. I motsetning til dei lysare og meir humorprega Star Wars-filmane så er dette mørkt og kaldt. Til tider blir bilde for mørkt for min kontrastsvake PC-skjerm. Slikt bryr eg meg berre om når ein film ikkje fengar nok.

Dune 1984 plakat - Filmdagbok