…E tu vivrai nel terrore! L'aldilà

…E tu vivrai nel terrore! L'aldilà er den andre filmen i Gates of Hell-trilogien til Lucio Fulci. Han har ei meir utfordrande oppbygging enn førstefilmen og går lengre ut i det uforståelege. Påskjøninga blir ein villare og med tanke på stemninga ein meir ubehageleg film enn City of the Living Dead.

Catriona MacColl har slått følge vidare i trilogien og har hovudrolla i …E tu vivrai nel terrore! L'aldilà. Ho spelar ein tilflyttar til ein sørstatsby. Ho har arva eit hotell som me i opningssekvensen får vite at er plassert på toppen av ein av dei sju portane til helvete.

Unødvendige å poengtere, men likevel, så skjer det ein del skrudde saker på grunn av dette. Fantasien til Lucio Fulci i regissørstolen og Dardano Sacchetti på manussida er rik. Og De Rossi som står for effektar og sminke har ikkje hindra utløpet.

…E tu vivrai nel terrore! L'aldilà er ikkje ein film å nyte til middagen. Trass i mange utbrot av kva faen? både på grunn av gørr og blod og snodige grep og vendingar i historia, er ikkje …E tu vivrai nel terrore! L'aldilà så hinsides at han blir eit uangripeleg eksperiment. Det er nok til at filmen blir noko eige, men framleis har ein raud tråd å følge.

…E tu vivrai nel terrore! L'aldilà passar godt for tilhengjarar av det overnaturlege og brutale, blodige og grisete. Men kan òg bli sett på som ein god skrekkfilm med originale utfall, som ei inspirasjonskilde til Quentin Tarantino eller ein Lucio Fulci-zombiefilmspesial.

…E tu vivrai nel terrore! L'aldilà 1981 plakat - Filmdagbok