Eagle vs Shark

Til stor glede fekk eg endeleg sett Eagle vs Shark etter mange og lange månader med venting. Eg har sansen for denne typen rar og smal film. Slike filmar eg forbind med Sundance og liknande festivalar, med sære og pretensiøse filmskaparar bak filmar som har menneske framfor handling i sentrum. Eagle vs Shark passar godt inn her.

Loren Taylor og Jemaine Clement er paret som held filmen si historie saman som to utsidarar med passande tilknytingar av rare venner og familie. Jemaine Clement var ein av hovudårsakene til at eg blei merksam på filmen, d han er medlem i New Zealand-duoen Flight of the Conchords som dukka opp med eigen serie på HBO i sommar. Eagle vs Shark kjem på lik linje med Flight of the Conchords frå New Zealand, eit land som gav oss den herlege dyrefilmen Black Sheep tidlegare i år.

I grunn handlar dette om den naive Lily (Loren Taylor) si forelsking i ein forstyrra Jarrod (Jemaine Clement). Ho jobbar i ei burgersjappe, han er fast kunde klokka 12.02 kvar dag. Handlinga som bygger på dette får fram ei rekke komiske episodar med ein alvorstone som alltid er til stades. Dette meiner eg er styrken med filmen. Der ein film som Napoleon Dynamite berre var rar, klarar Eagle vs Shark å gjennomføre ting slik at du vaklar mellom å le og føle ubehag, resultatet blir som oftast ei blanding.

Som seg bør og hør har Eagle vs Shark eit gjennomført lydspor, av The Phoenix Foundation, og ein tydeleg cinematografi som gjerne kjenneteiknar liknande filmar. Mykje kan verke kunstig, rolletolkingane og situasjonane som oppstår, men det handlar nok mest om å få fram ei stemning enn å vere realistisk.

I blant er det på kanten til å bli for langsamt, Jemaine Clement reddar filmen i desse tidene. Urealistisk høge forventningar førte til at eg blei litt skuffa når ting aldri tok av. Etter kvart fann eg plass i rytmen og tok til å like dette ganske så godt. Einaste eg verkeleg saknar er eit musikalsk innslag frå Jemaine Clement.

Eagle vs Shark 2007 plakat - Filmdagbok