Eagles

Serie
2019–2020
4/5

Eagles er ein svensk ungdomsserie om ishockey og dramatisk ungdomsliv. I ettertid av Skam har det blitt vanleg å samanlikne nye nordiske seriar med den norske suksessen. Eagles er ein av desse Skam-liknande seriane i følge SVT.

Men så er Eagles òg ein serie med vanleg og lik lengde på episodane, eit normalt og bra drama, og ingen finurlege oppstykka stunder merka med dag og klokkeslett. Og forsøket på å vere realistisk og god samtidig er ikkje nytt. Men likar du historiane som Skam utgjer, så vil nok Eagles falle i smak.

Livet endrar seg for mange då familien Kroon flyttar til Oskarshamn.

Faren er ei tidlegare ishockeystjerne i USA, og familien har hatt sin eigen realityserie. Dottera blir interessert i ein lokal gut, men dei har svært ulik fortid. Sonen ligg an til å bli ei idrettsstjerne sjølv, men lev i skyggen til faren.

Det er store og alvorlege situasjonar som utgjer Eagles, men dei er framstilt på ein passe roleg måte som gjer det lett å like. Det er ikkje ein serie som tar heilt av, og nettopp denne kombinasjonen av dramatikk og tåleleg stemning i lengda gjer serien til eit fint avbrekk. Han krev ikkje det meste av involvering.

  • Eagles 2019-2020 plakat - Filmdagbok
  • Eagles 2019-2020 plakat - Filmdagbok