East of Eden

For å ta det kronologisk etter utgjeving startar eg med gjennombrotfilmen til James Dean, og den einaste han sjølv fekk oppleve suksessen av mens han levde.

Basert på siste tredjedel av boka til John Steinbeck omhandlar denne ein familie på to søner og ein far. Hovudrolla er tildelt James Dean som spelar den vonde av dei to sønene, skjønt vond er ei overdriving, han er berre litt vill av seg.

Filmen sit djupt og gjer inntrykk, James Dean imponerer stort og gjer i stor grad filmen til sin. Det flottaste med filmen er at sjølv om karakterane til ei viss grad blir fortalt verbalt kva dei skal stå for, er dei meir tredimensjonale enn som så og lever sine eigne liv. Eit nydeleg drama, absolutt å anbefale!

East of Eden 1955 plakat - Filmdagbok