Eastern Promises

Eastern Promises tar plass i eit regntungt London-miljø, prega av russisk mafia og vald. Fullt så mykje fokus på miljøet er det då likevel ikkje, for David Cronenberg har valt å dreia dette mest innpå karakterane sine, slik som han pleier.

Som stor fan av det tidlege arbeidet til denne regissøren var det med glede eg oppdaga at han har gitt rom for ein god del råskap her. Eastern Promises er noko av det meir seriøst grufulle eg har sett på ei stund, utan at blod og slikt blir grunnlag for filmen åleine.

Filmen bruker stilige verkemiddel som ligg nær kjente løysingar eg har sett før utan at det blir overdrive eller kjennest oppbrukt. Han har ein ærlegdom som plasserer han eit stykke unna ironien eller det formål å lage ein überstilig film for kommersielt årsak åleine.

Alt i alt er Eastern Promises ein film som ikkje gir seg ut for anna enn nettopp det å vere ein film. Eg trur nok denne kvalifiserer til eit gjensyn med tid og stunder.

Eastern Promises 2007 plakat - Filmdagbok