Easy A

Det byrjar å bli ei stund sidan eg skreiv førre innlegg på Filmdagbok, og når eg tenkte å prøve meg igjen er det som om hjernen brått får det for seg å måtte komme opp med dei beste metaforane og referansane for å skildre filmen eg har sett. Men eg innser at det aldri har vore den sterke sida mi. Det eg kan, trur eg, er å vere direkte å få fram ei ærleg meining. Om ikkje alltid godt nok grunngjeven, så i det minste mi.

Easy A er ein film av typen eg likar best, ungdomskomedie. Ein blandingssjanger eg til tider har vore opphengt i. Kort oppsummert, Easy A var ein film eg såg fram til, og låg godt an til å like.

Emma Stone som ei smart, ung jente som har evne til å ta seg sjølv uhøgtideleg og slenge rundt seg med faenskap, er heller ikkje feil. I utgangspunktet ryddig og skuleorientert, tar hennar karakter Olive steget mot det verre, tilsynelatande. Ved eit uhell spreiar ho eit rykte om seg sjølv på skulen, men i staden for å prøve å stoppe rykte ser ho sitt snitt i å bygge vidare på det.

Olive er jenta som forstår seg på folk, kan kontrollere og snurre folk rundt fingrane sine, men som aldri blir ein ufyseleg Mean Girls-aktig Lindsay Lohan. For at skal filmen fungere for folket, og oppfylle sjangerstempelet sitt, er han nøydd til å ha eit godt hjarte og ei slags kjærleikshistorie. Sistnemnte er veldig tona ned i omtrent heile filmen, men dei små historiene på tvers av den raude tråden heng saman og bidrar til at slutten verken kjem som ei overrasking eller verkar heilt usannsynlig.

Easy A både prøver og lykkast i å vere ein hyllest til gullalderen for tenåringsfilmane. Referansane er tydeleg på alle måtar, frå bruk av filmklipp, til snakking om filmane og nytolking av filmklippa. Det er ingenting i vegen med dette, for Easy A gjer eit stort nummer ut av ei uskyldig lita sak der det aldri er tvil om at det kvinnelege midtpunktet vil komme godt ut av det.

Og i vanleg stil her på Filmdagbok rundar eg kjapt av, med ei enkel kortfatting av det eg har skrive, som er at Easy A er god.

Easy A 2010 plakat - Filmdagbok