Easy Rider

Etter å ha lese andre kapittel i boka Easy Riders, Raging Bulls følte eg for å sjå denne filmen som eg har hatt liggande i over eit år utan å gitt han nærare merksemd. Men den sprø historia rundt produksjonen sette fart på sakene, og eg angrar ikkje eit sekund på å ha funne fram godstolen og sett han i kveld.

Wyatt (Peter Fonda) og Billy (Dennis Hopper) set seg på motorsyklane sine og legg ut på ei reise frå Los Angeles til New Orleans for å oppleve Mardi Gras. Med seg har dei gøymt kokain i bensintanken som dei skal selje og bli rike på, for så å slå seg ned i Florida etter Mardi Gras.

Undervegs får me sjå flotte køyrescener med rock frå 1960-talet, høyre sprø historier rundt leirbålet, møte hippiar og oppleve den beste LSD-trippen eg har sett på film. Dessutan dukkar Jack Nicholson opp i rolla som skulle sette fart på karrieren hans, der han spelar like fantastisk som alltid.

Det vil vere å ta for hardt i å sei at filmen er sett saman på ein god måte. Det heile verka ganske enkelt, men det går likevel så godt at eg er godt fornøgd med han. Så vel verdt 94 minuttar, ein film som må sjåast.

Easy Rider 1969 plakat - Filmdagbok