Edge of Tomorrow

Å bli positivt overraska av ein film er ei av dei beste kjenslene knytta til filmsjåing. Edge of Tomorrow var ein film som hadde gått under radaren min, og som eg kom over og såg utan å ha nokon særleg idé om kva han var.

Og det enda opp med å bli kanskje den beste science fiction-filmen eg har sett i år.

Det er krig mot ein utanomjordisk rase som har evne til å nullstille dagen og lære av framtida som har skjedd før nullstillinga. Ein nesten umogleg fiende å overvinne for våre venner Tom Cruise og Emily Blunt.

Det Edge of Tomorrow gjer så bra er at i den evige gjentakinga av den same dagen, så er det mange interessante nyansar som krydrar det, ved sidan av heftig action. Det er vanskeleg å sette ord på det, men for å sette det opp mot dei uoversiktlege, massive og destruktivt vinkla teikneseriebaserte actionfilmane, så er denne meir konkret i sitt mål. Det er framleis ein storslått actionfilm, men du mistar aldri grepet på karakterane og målet i historia.

Edge of Tomorrow 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

22. september 2014 av

Regissør

Doug Liman

Manusforfattarar

Christopher McQuarrie, Jez Butterworth, John-Henry Butterworth, Hiroshi Sakurazaka

Skodespelarar

Tom Cruise, Emily Blunt, Brendan Gleeson, Bill Paxton, Jonas Armstrong, Tony Way, Kick Gurry, Franz Drameh, Dragomir Mrsic, Charlotte RileyVis alle 94 skodespelarar

Sjangrar

Action, Science fiction

Land

USA, Canada

IMDb

IMDb-side om Edge of Tomorrow