Edward Scissorhands (1990)

Film / 6. november 2007
5/5

Ei nyårsaftan for mange år sidan viste NRK Edward Scissorhands, eg var nok ikkje meir enn 10 år den gangen, så eg hugsar berre bitar frå opplevinga. I åra som følgde fekk han plass som magisk i minnet mitt, før han omsider blei endå meir gløymt. Men eg hugsar framleis at han fascinerte meg med skulpturane Edward klypte i alle fasongar, at han gjekk innpå meg med si tragiske historie, kanskje det er difor eg i ettertid har skapt min eigen slutt på filmen som eg blei overraska over ikkje å gjennoppleve.

Etter å ha planlagt lenge fekk eg summa meg til eit gjensyn. Gleda starta allereie under opningsteksten, med det eine kjente namnet etter det andre: Johnny Depp, Winona Ryder, til og med Vincent Price. Etter å ha sett stemninga på som ein ekspert skal, får Tim Burton ei gammal dame til å fortelja historia om Edward (Johnny Depp).

Den gongen han kom ned frå einetilværet i det nedslitne huset på toppen av bakken, over ein travel, pastellfarga forstad, til ein hyggeleg familie. Styrken til filmen er at han streifar innom Edward som ein sensasjon med saksehender, fortalt som lystig komedie og tragisk drama, alltid med mystikk og rik på gode karakterar, alltid gripande.

Inntrykket mitt er at alt passar saman, enkelte ting kunne ha tatt seg dårleg ut i andre filmar, men kjem i godt selskap i Edward Scissorhands, som trår opp på toppen av trona som min favoritt Tim Burton-film.

Edward Scissorhands 1990 plakat - Filmdagbok

Regi

Tim Burton

Manus

Tim Burton, Caroline Thompson

Skodespelarar

Johnny Depp, Winona Ryder, Dianne Wiest, Anthony Michael Hall, Kathy Baker, Robert Oliveri, Conchata Ferrell, Caroline Aaron, Dick Anthony Williams, O-Lan Jones

Sjangrar

Drama, Fantasi, Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Edward Scissorhands

Forfattar