Ego

Film / 2013
4/5

I forkant av å sjå Ego hadde eg ikkje sett meg inn i meir enn kva Netflix skreiv om filmen. Ut i frå dette danna eg bilde av Ego som ein søreuropeisk film med ein dyster tematikk. Men så viste det seg at dette var ein svensk film, som ikkje var så tung. Det var eigentleg veldig bra, for eg enda opp med å storekose meg av filmen.

Sebastian er ein overflatisk ung mann på 25 år. Han arbeidar i ein klesbutikk på dagtid, og går på byen med vennene på kvelden. Han er opptatt av det ytre, og lite opptatt av det indre. Så ein dag blir han blind, og møter motgang for første gong i livet sitt.

Ego kan på mange vis verke som ein litt meir seriøs variant av ein romantisk komedie. Men han snur ikkje på ein femøring. Med det meinar eg at Sebastian ikkje får den brå omvendinga fordi han ikkje lenger evnar å sjå. Og det er med på å gjere filmen hakket meir realistisk og innsatsen så mykje høgare.

Eg vil i all hovudsak gå rett på anbefalinga når det gjeld denne filmen. Eg såg han utan å vite for mykje, og blei lønna med ei god oppleving. Difor vel eg å ikkje gå vidare inn på handlinga, dei andre karakterane som er spelt av gode skodespelarar, og kva retning filmen tar. Eg vil berre nemne at filmen evnar å røre, og er ein god sak både undervegs og til slutt.

Ego 2013 plakat - Filmdagbok