El Camino: A Breaking Bad Movie
Meir enn ein film opplever eg El Camino: A Breaking Bad Movie som ein epilog og forlenga episode av serien Breaking Bad. Kor me følgjer karakteren Jesse Pinkman etter serien sette sitt punktum.
Det er med dette utgangspunktet eg har rangert filmen. Prøver eg å vurdere han som ein sjølvstendig film, noko eg ikkje vil kunne fordi eg er farga av å ha sett Breaking Bad, så kan det gå i retning av å bli eit spørsmålsteikn. Til kva dette er.
Det eg ser på dette som er ei avslutting. Og det ei verdig ei. I løpet av to timar tar serieskaparen Vince Gillian seg god tid til å fortelje om dei mange hindera Jesse Pinkman møter på i søken om å endeleg bli fri frå historikken som følgjer han.
Om alt dette skulle ha blitt fortalt mot slutten av Breaking Bad, så måtte serien ha gitt ein del ekstra plass til denne karakteren. Og serien måtte enten ha blitt forlenga eller gitt avkall på anna. I tillegg ville nok serien ha mista fokus og ikkje enda opp så god som han var.
Denne filmen er ikkje nødvendig å sjå for å ha fått maks ut av Breaking Bad, men eg tykkjer heller ikkje han verkar unødvendig som eit tillegg. Snarare tvert i mot.
Regi
Manus
Skodespel
Aaron Paul (I) • Jonathan Banks (I) • Matt Jones (XLVIII) • Charles Baker (II) • Todd Terry (I) • Julie Pearl (I) • Gregory Steven Soliz • Larry Hankin • Jesse Plemons (I) • Tom Bower (I) • Gloria Sandoval (I) • Tess Harper (I) • Michael Bofshever • Danielle Todesco • Scott MacArthur (II) • Scott Shepherd (II) • Marla Gibbs • Robert Forster (I) • Simon Drobik • Carlos Sepulveda (I) • Brendan Sexton III • Matthew Van Wettering • Chris Bylsma • David Mattey • Cody Renee Cameron • Alison Law (II) • Gabriela Alicia Ortega • Kevin Rankin (I) • Bryan Cranston • Johnny Ortiz (I) • Krysten Ritter … Minimer … Vis alle