El día de la bestia

Denne spanske saka snik seg så vidt inn blant julefilmane eg har valt å sjå i år, ettersom handlinga går føre seg på julaftan.

Ein teolog som gir seg ut for å vere prest har funne ut at djevelen vil komme første juledag, og må utføre vonde handlingar for å kome i kontakt med han og stoppe han. I jakta på fødestaden til den komande djevelen får han hjelp av ein feit satandyrkar og programleiar for eit populært tv-program om overnaturlege fenomen.

Herleg brutal utan å ty til mengder blod eller nakne, torturerte kroppar, El día de la bestia er ei lita spansk skrekkomisk perle. Tidvis ganske tåpeleg, men alltid med brodd og utan å bry seg med skjebnen til karakterar som dukkar opp i filmen. Midt oppi avfyring av hagler og frammaning av djevelskap har eit mysterium eller ei gåte fått plass, som med denne friske innpakninga glatt overgår mykje anna ræl.

Julestemning? Nei, men kven bryr seg.

El día de la bestia 1995 plakat - Filmdagbok