El Dorado

John Wayne spelar ein pistolmann som kjem til byen El Dorado, men vel å ikkje ta oppdraget han er tilbode å utføre i byen. Ein gammal kjenning gir han informasjon som får han til å takke nei til oppdraget. Det viser seg at ein ufin mann med stor innverknad vil presse ein familie frå eigedommen deira på grunn av tilgongen deira til vatn.

Dette er byrjinga av filmen El Dorado, som er ein to timar lang western om ferda til Cole Thornton til byen El Dorado, ut av byen, og tilbake igjen. Beste måten å skildre gangen i filmen på er å sei at det er ein film med fleire kapittel og mindre historiar som heng saman til heilskapen, og byggjer opp til ein dramatisk slutt.

Det er ein underhaldande film og ei rik oppleving, men i blant litt saktegåande og ikkje heilt topp på å nå fram med dei alvorlege stundene. Litt som Cole Thronton er ein solid og stabil mann som held ut, er filmen det same.

El Dorado 1967 plakat - Filmdagbok