El laberinto del fauno

El laberinto del fauno er eit spansk krigsdrama og fantasifilm som tar i bruk figurar og historie henta frå klassiske eventyr og mytologi. Pan, Fauno eller faunen er ein romersk skoggud som her i filmen skal teste ungjenta Ofelia (Ivana Baquero) om ho er verdig til å komme tilbake til undergrunnsriket, der sjela hennar eingong høyrte til prinsesse Moanna.

Reklamen for filmen viste det meste av spesialeffektane i filmen og ein del til. Dette var synd, for reklamen gir ikkje berre hint, men røper også ting du ikkje burde vite. Heldigvis var det lenge sidan eg så han, og eg hadde gløymt det meste.

Mest dominerande er nok historia om Ofelia og mora sin dårlege situasjon i hendene på militærkapteinen Vidal, godt spelt av Sergi López. Ein kald djevel som ikkje skuggar unna noko i kampen mot geriljaen, som herjar i skogane rundt leiren der historia til filmen går føre seg. Sentral i denne samanhengen er også styraren i hovudbygningen, som er i ein mellomposisjon av militæret og geriljaen.

Med all brutaliteten rundt seg, dei harde tidene og ingen ekte far til å verne seg, dagdrøymer Ofelia seg bort frå den harde kvardagen. Det blir gjort på ein elegant, visuell og fin måte, utan å røpe så mykje meir. Ho har heldigvis ei mor som etter beste evne tar vare på ho og er sånn sett ikkje åleine.

Fantasidelen av filmen er ikkje så utprega som eg hadde rekna med han ville bli ut frå reklamen, men eg er slettes ikkje skuffa. Det er meir vaksent enn eksempelvis 1980-talsfantasien Labyrinth. Mystikken er mørkare og passar til filmen sin alvorlege undertone.

Meir enn dette har eg ikkje å sei. Eg var godt fornøgd med filmopplevinga. Blandinga av drama frå krigstider og mørk mystikk ueigna for den yngre garden.

Men Labyrinth slår filmen på atmosfære og spenning.

El laberinto del fauno 2006 plakat - Filmdagbok