El Mariachi

Robert Rodriguez sin første langfilm er en av dei filmane eg med jamne mellomrom har planlagt å sett, men som det aldri har blitt av. Gong på gong har han gått i gløymeboka inntil nyleg når eg kom innpå filmar av Robert Rodriguez i ein diskusjon som hadde sitt utløp i Grindhouse.

Denne første filmen i Mexico Trilogy handlar om ein gitarist, ein mariachi, som på si søken etter jobb kjem til ein liten meksikansk by der han blir forveksla med den kalde drapsmannen med identisk gitarkasse. Slik kjem han tilfeldigvis i trøbbel med den lokale mafiaen.

Dei seinare filmane har hatt både Antonio Banderas og Salma Hayek i store roller. Folka i El Mariachi er ukjente og manglar det ekstra som gjer dei til stjerner. Det er forventa med tanke på at det totale budsjettet til filmen var 7000 amerikanske dollar. Det går likevel ikkje på rekning av underhaldninga. Her kjem det nok ut av lite. Og med stilig filmmusikk er dette fornøyeleg nok.

Sjarmen er til stades, det blir til slutt den tamme rollebesetninga som trekk ned. Eg får ingen stor oppleving av filmen, han inspirerer ikkje. Men han kjeder heller ikkje.

El Mariachi 1992 plakat - Filmdagbok