Election

Sideways frå 2004 er ein av mine favorittfilmar, Alexander Payne som står bak han står også bak Election som eg har sett nyleg.

I Election møter me Matthew Broderick som high school-historielærar, ein jobb godaste Jim – som rolla hans går under – likar svært godt. Reese Witherspoon er eleven du elskar å hate, men også kan beundre på avstand. Ho har få venner, men er ein goal getter som ingen andre, og den einaste eleven som ser ut til å stille til val som studentrådsleiar. Heilt til Jim får det for seg at den skada QB1 frå fotballaget, spelt av Chris Klein, kan stille for å gi ho ekte motstand. Grunngivinga til valet er frå Jim si side reint personlege, noko som gjer det heile betre.

Både Matthew Broderick og Reese Witherspoon er i sine ess i denne filmen. Matthew Broderick har den der smart tapartingen over seg som han er veldig god til å få fram. Hjelpelaus er han kanskje og når han gjer ting som kjennest rettferdig er det ikkje alltid rett.

Alexander Payne er flink til å behandle slike mannsroller i filmane sine, eg kjenner igjen mange trekk som går igjen i Sideways og kosar meg med det. Kvinnerollene er like eins, sett på med delvis forakt og elsk, framstilt meir nøytralt via kamera enn gjennom auga til mannsrolla i hovudsete.

Election er ein dramakomedie av ypparste slag. Han er stort sett morosam heile vegen, men har heile tida alvoret liggande ved. Dette er for å tilføre meir meining bak filmen kan du sei. Utfallet handlinga vil ha er viktig nok, men trekk aldri tankane vekk i frå handlinga undervegs.

Election 1999 plakat - Filmdagbok