Electrick Children
Ei ung jente frå eit fundamentalistisk mormonsk samfunn blir gravid, og legg ut på søken etter faren.
Jenta er forstyrra og prega av å ha vakse opp i miljø full av irrasjonalitet. På overflata framstår ho som eit uskyldig menneske som er lett å like. Gjennom tankane hennar blir me kjent med ei jente som trur at grunnen til at ho er blitt gravid er som følger av kontakt med gud via musikk.
Electrick Children er stort sett passiv. Det er engasjerande innimellom, men det blir fort ikkje. Eg kunne tenkt meg meir problematisering, større involvering på eit personleg plan eller noko anna.
