Elektra

Kva var det som skjedde no? Dette er spørsmålet eg spurte meg sjølv når rulleteksten kom. Eg trur svaret er så enkelt som ingenting spesielt. For her var det berre slåstscener klipt i hel og eit par søte kvinner i ein elles tam film.

Men filmen kjeda meg ikkje. Eg såg på klokka berre ein gong i løpet av filmen. Det er ikkje det verste eg har sett. Men det er langt i frå å vere det beste heller.

Elektra 2005 plakat - Filmdagbok