Eli

Film / 2019
2/5

Ein ung gut har ein sjukdom som gjer at han ikkje tåler å gå ut. Han blir halde i eit plasttelt i heimen. Kort tid etter filmen byrja har foreldra ordna med ei behandling som kan hele han. I lag dreg dei til eit avsidesliggande behandlingssenter.

Det blir fort klart for oss og for guten at plassen ikkje er heilt normal. Det er noko som går føre seg der, og det er overnaturleg. Familien er den einaste på staden. Når guten byrjar å oppleve ubehagelege ting er det ingen som vil høyre på han.

Eg spekulerte i kven som kom til å døy først. Men det blei ikkje ein sånn type film. Eg vil ikkje røpe meir enn at me ei stund følgjer guten gjennom ein del vandring i gangar, uforklarlege opplevingar og krangling med foreldrene og helsepersonellet. Så gjer filmen ei vending. Ei som kan overraske nokon, men som eg likevel ikkje blei blåst over ende av.

Det eg vil kritisere filmen for er også kopla til vendinga. Her blir det for mange brukte spesialeffektar, som riv meg ut av det filmen opp til då hadde skapt av spenning. Det er frykta for det ukjente og fantasien som er styrken i Eli ei stund. Ikkje at det blir det beste, men det er greitt nok. Men når volumknappen for spesialeffektar blir skrudd opp, då forsvinn det einaste som kunne legitimere filmen som ein grøssar.

Eli 2019 plakat - Filmdagbok