Élite

Serie · 2018–2021 · · 17. august 2021
4/5

Élite er ein spansk ungdomsserie og krim om elevane på ein eliteskule. I byrjinga blir vi kjent med skulemiljøet gjennom auga til tre nye elevar. Dei kjem frå normale kår, i motsetnad til resten av elevane frå skulen som er rike. Grunnen til at dei har fått plass ved skulen er at dei har fått stipend, som kvart år blir delt ut til tre dårlegare stilte ungdommar.

Tidleg i første sesong får me vite at eit drap har skjedd, og resen av sesongen handlar om dette. Litt etter litt får me vite korleis historia utfalda seg fram mot drapet. Dette er ein serie som er bygd opp rundt bitar av puslespelet som fell på plass ein etter ein.

Undervegs blir me også innvia i livet til desse ungdommane. Som i mange ungdomsseriar oppfører dei seg som vaksne, og mange av innslaga er dryge. Serien er dryg både grafisk og verbalt, og difor også fargerik og overraskande.

Om handlinga i andre sesong vil eg ikkje skrive noko, sidan det byggjer på det som skjedde i første sesong. Men det er utvilsamt ein av dei beste andresesongane eg har sett av ein Netflix-serie. Han spelar vidare på det gode med første sesong, toppar det, og introduserer mykje nytt som gjer handlingsforløpet like interessant.

Tredje sesong bygger vidare på dei to første, men har på eit anna vis ei meir lausrive handling. Medan dei to første sesongane gjekk veldig i eit, så tar denne for seg eit nytt mysterium. Det er likevel eit framhald, og dei to første sesongane bør blitt sett før den tredje.

Dei fleste av skodespelarane i serien er nye og ukjente for min del. Med unntak av Jaime Lorente, Miguel Herrán og María Pedraza som har hatt sentrale rollar i ein annan spansk serie, La Casa de Papel. Seriane har forøvrig ingen samanheng med kvarandre, utover å vere laga for Netflix. Skodespelarane er i stor grad av topp klasse, som regissørane av episodane har fått mykje ut av. Eg blei stadig imponert over evnene til mange til å spele nyanserte karakterar.

I fjerde sesong blir det gjort større endringar i rollegalleriet. Ute av serien er karakterar som Nadia, Carla, Polo og Lu. Nokre av dei blir sakna meir enn andre. Men serien held like fram utan. Det er ikkje heilt det same når serien manglar ein god karakter som Carla. Utover det trur eg formen på serien er det som skil sesongen litt frå dei tidlegare. Det er ikkje ein så gripande kriminell raud tråd på tvers av dei åtte episodane. Serien har alltid vore dristig, men overdriv i framstillinga av sexscener, så det framstår verken som dristig, spennande eller viktig på nokon måte.

Humoren er heldigvis godt tilstades i fjerde sesong også, og dei nye skodespelarane som dukkar opp tilfører mykje og godt til serien. Det er berre synd at historia ikkje er betre. Og på grunn av at folk har byrja å forlate serien i større grad, kjennes dette som vegen mot slutten. Viss Élite blir fornya, så håpar eg at han klarar å styre vekk frå dette inntrykket.

Élite er solid underhaldning som er lett å sjå i store mengder, og som held eit høgt nivå heile vegen. Er du ikkje framand for spanske seriar, krim og ungdomsseriar, så er dette ei anbefaling for deg. Iallfall dei første sesongane.

IMDb-logo
TV Time-logo
  • Élite 2018-2021 plakat - Filmdagbok
  • Élite 2018-2021 plakat - Filmdagbok
  • Élite 2018-2021 plakat - Filmdagbok
  • Élite 2018-2021 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Itzan EscamillaOmar AyusoMiguel BernardeauVis alle

    Sjangrar

    Land