Eliza Graves

Eliza Graves fortel ei historie som går føre seg på ein isolert institusjon for definisjon av mentalt sjuke på 1890-talet. Det er ein filmadapsjon av ei Edgar Allan Poe-novelle, og har eit dystert bilde på menneskesinnet som si kjerne.

Ein ung mann kjem til den isolerte institusjonen, og avdekker at verken personar eller omstende er som dei skal vere.

Ein farleg situasjon utviklar seg, og filmen fortel om eit spennande skjult spel som må bli spelt av den unge mannen, for ikkje å bli avslørt med sin kunnskap. Alt blant farlege kriminelle, mentalt sjuke, og utan noko moglegheit for ekstern støtte eller fluktmoglegheit.

Det er ein solid film med gode skodespelarar, eit stemningsfullt miljø som verkar dyr og gjennomført, og ei handling full av vendingar. Mine forventningar var til dette som ein noko overflatisk film, der det visuelle skulle prege filmen, og handlinga hamna i skuggen. Men i Eliza Graves spelar alt på lag, og resultatet er ei total filmoppleving.

Det er med ei anbefaling i tankane eg let vere å bli meir spesifikk. For å unngå avsløring av detaljar som kan ta brodden ut av potensiell spenning.

Eliza Graves 2014 plakat - Filmdagbok