Elizabethtown

Elizabethtown har fått ein plass i filmhistoria som ein stor flopp. Det blir sagt at dette er grunnen til at Cameron Crowe har latt ti år gå før hans neste film kom i 2015. Filmen er også kjent for Kirsten Dunst som den prototypiske Manic Pixie Dream Girl, eit omgrep som kom frå ein filmkritikar i samband med denne filmen.

Eg kunne ikkje gi meir blanke i meininga til andre om Elizabethtown. Eg synst filmen er absolutt nydeleg. Tempoet, stemninga, ideane, karakterane og ikkje minst Kirsten Dunst. Til og med Orlando Bloom glir flott inn i hovudrolla, trassi mitt bilde av hans som den platte Legolas frå The Lord of the Rings og The Hobbit-filmane.

Det handlar om ein fyr som floppar fullstendig i forretningslivet. På toppen av dette dør faren på tur, og han må reise dit faren er for å ordne opp. Byen han reiser til er Elizabethtown, ein liten plass der alle tydelegvis kjente og såg opp til faren. På veg dit og mens han er der blir han kjent med den rare og omgjengeleg, men søte jenta.

Det er mykje god humor her. Cameron Crowe gjer sine eigne greier med eigne idear i Elizabethtown. Filmen går for å overdrive, og eg gler meg over dette. Delen av filmen som handlar om å bli kjent med kven faren var, er både komisk og til dels rørande. Forholdet som utviklar seg mellom Orlando Bloom og Kirsten Dunst er også flott.

Eg kan ikkje peike på ein spesiell ting som gjorde dette bra. Men eg sat iallfall klistra til skjermen heile vegen. Og det er meir enn godt nok for meg.

Elizabethtown 2005 plakat - Filmdagbok

Publisert

24. august 2015 av

Regissør

Cameron Crowe

Manusforfattar

Cameron Crowe

Skodespelarar

Orlando Bloom, Kirsten Dunst, Susan Sarandon, Alec Baldwin (I), Bruce McGill, Judy Greer, Jessica Biel, Paul Schneider (IV), Loudon Wainwright III, Gailard SartainVis alle 110 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Elizabethtown