Elysium

Elysium ser unekteleg bra ut, har fleire gode science fiction-idear inkludert framtidig teknologi fletta fint inn i handlinga, men er dessverre utprega smaklaust på viktige punkt.

Elysium er namnet på ein romstasjon like utanfor jordkloten. Overbefolkning og anna faenskap på jorda har fått dei rike til å flykte til Elysium, som er gigantisk, har natur og eigen atmosfære. Dei rike blir ikkje definert, men gjennom aningar kjem det fram at det er den politiske makteliten og samarbeidspartnarane deira som held til der.

Grunnen til overbefolkninga, matmangel og slikt blir heller ikkje snakka for mykje om. Men det er nødvendigvis framtida til det politiske systemet me har no, endestasjonen til sosialdemokratiet. Dei som blir lønna i eit sånt system er ikkje vanlege folk, eller individet, det er politikarane og dei som føyer seg etter deira spelereglar og sponsar politikarane mest.

Det smaklause i filmen er ikkje utgangspunktet, denne delen av filmen har eit potensiale. Det er forsøk på løysing av andre problem, som sjukdom, fattigdom og liknande. Filmskapar Neill Blomkamp hyllar desse på eit einaste grunnlag, det er at dei treng hjelp. Og dette skal vere hans argument for at å bryte seg inn om bord på Elyisum er greitt. Filmen er ikkje så svartkvit, me har også slu karakterar som vil bryte seg inn av andre årsaker, men det problematiske for min del er at helten står bak prinsippet om å invadere eigedommen til andre.

Med dette er eg tilbake til premissane, som det blir sagt lite om. Det er dei rike som bur på Elysium, men kven har betalt for romstasjonen, korleis er det blitt betalt? Eg kan umogleg vite det. Men så sant det ikkje er eit diktatur bak bygginga, som ingen har stemt på, så er det enten folkevalde eller private midlar bak romstasjonen. Og som me alle veit så er det dei som stemmer som bestemmer politikken. Og privat eigedom er privat.

Elysium er ei blanding av mykje rart her, og det er vanskeleg å oversjå det til fordel for filmen som ein action og science fiction. Så inntil vidare så kan eg ikkje anna enn å mislike denne.

Elysium 2013 plakat - Filmdagbok