Emily Owens M.D.

Serie
2012–2013
3/5

Emily Owens M.D. var ein sjukehusserie som gjekk mellom 2012–2013. Berre 13 episodar blei laga. 13 er eit vanleg tal på episodar for ein sesong blant nye seriar. Er serien populær blir sesongen gjerne utvida til over 20 episodar.

Serien handlar om ei gruppe unge doktorar som akkurat har starta som interns på eit sjukehus i Denver. Me rekk å følge dei gjennom deira første månader i jobben. Innhaldet og forma på serien er typisk sjukehusdrama. Med spennande pasienttilfelle og personleg drama.

Dette er seriar som gjerne held fram i år etter år. Det er såleis greit å ha Emily Owens M.D. som går an å sjå ferdig på relativt kort tid. Serien rekk å etablere seg, og å gå gjennom den romantiske og dramatiske runden med dei fleste av karakterane sine ein gong. Når sesongen avsluttar er me på topp, men har også fått det meste serien elles ville ha bydd på.

Emily Owens M.D. er ein grei serie, men kanskje for anonym, eller for lik Grey's Anatomy. Han har ikkje ei spesiell greie, ein unik eller nødvendig hook. Kanskje serien hadde tatt seg opp og om han fekk gå lenger?

Men for min del er 13 episodar nok. Eg har sansen for korte seriar. Også dei som blir brått avslutta. Korte seriar gir ein smakebit, byr vonleg på nokon høgdepunkt, men gir seg før eg går lei. Med så mange ulike typar seriar som finst så gjeld dette eit utval framfor alle, og då er utvalet ofte seriar frå dei store som ABC, NBC, med fleire.

Emily Owens M.D. 2012-2013 plakat - Filmdagbok

Publisert

31. august 2015 av

Skapar

Jennie Snyder Urman

Skodespelarar

Mamie Gummer, Justin Hartley (I), Aja Naomi King, Michael Rady, Necar Zadegan, Kelly McCreary, Yoshié Bancroft, Christine Willes, Harry Lennix, Catherine BarrollVis alle 188 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Emily Owens M.D.