Emma

Ei ung Gwyneth Paltrow spelar Emma i denne adapsjonen av romanen til Jane Austen med same namn. Emma er ung, einsleg, bur med far sin, og likar å blande seg inn i livet til andre som ei typisk Kirsten Giftekniv.

Då ho prøver å spleise ei venninne med ein fyr, meiner hennar nære venn Mr. Knightly at ho blandar seg for mykje inn. Og dei byrjar ein konkurranse seg i mellom om kven som eigentleg er den beste mannen til venninna. Emma meiner også at dei eigne ønska til venninna ikkje er gode.

Små splidar, fleire personar og meir drama, og ei vekking i kjærleikslivet til Emma er den vidare gangen i hovudpoenget til historia.

Eg har sansen for Jane Austen, og spesielt adapsjonar som Pride and Prejudice frå BBC. Eller filmversjonen av Pride and Prejudic med Keira Knightley. Emma er ingen unntak, og er ein god film med ein fin dose humor. Han får ikkje topplassering blant Jane Austen-favorittane, men føyer seg til i rekka som ei god historie, og denne filmversjonen gjer ingen skam heller.

Emma 1996 plakat - Filmdagbok