Emmet Otter's Jug-Band Christmas

Emmet Otter's Jug-Band Christmas er ein tv-film med The Muppets frå 1977. Basert på ei barnebok frå 1971 og filmatisert av Jim Henson med mindre kjente The Muppets-figurar i rollene.

For meg er det ikkje eit ekte julefilmmaraton utan The Muppets. Søken etter ein film som kan avlaste den beste av dei alle, The Muppet Christmas Carol frå 1992, blir trappa opp att kvar adventstid.

Emmet Otter's Jug-Band Christmas fyller ingen sko. Filmen skuffar litt fordi eg forventa Kermit, Miss Piggy og dei andre kjente. Dette kjem av dårleg forarbeid. Sett forbi eiga urimelegheit er historia grei. Det handlar om ein fattig familie på to, og korleis dei kjem seg langt på vilje og evna til å glede seg over det enkle. Ikkje overraskande er det flust av songnummer: I stor grad sjarmerande eller flotte.

Eg kom over vonbrotet. Emmet Otter's Jug-Band Christmas er ein kort og flott julespesial. Sjølv om han aldri er ekstraordinær og heller ikkje er meir enn tidsfordriv

Emmet Otter's Jug-Band Christmas 1977 plakat - Filmdagbok