Empire Falls

Serie
2005–2005
3/5

Empire Falls er ein serie på to lange episodar frå HBO som kom i 2005. Han handlar om livet i ein amerikansk småby som lenge har hatt nedgangstider.

Kvar episode har lengda til ein film, og dermed fridomen til å skape sitt eige og nødvendige tempo. Dette kjem til rette i andre episode, som er der kor eg meiner dei mest interessante tinga skjer. Første episode er ei lang og sakte oppbygging av liv og miljø.

Dersom Empire Falls skulle bli oppsummert med eit ord kva han bidrar med, ville valet mitt falt på småbystemning. Sjølv om serien berre er middels god til å formidle ein meiningsgivande samanheng, eller ei overhengande historie med andre ord, er han god på å fortelja om karakterane sine og korleis dei lever.

Ed Harris spelar den sentrale karakteren i serien, som driv ein kafe han ikkje eig. Som mykje anna i småbyen blir kafeen eigd av familien Whiting. Karakteren til Ed Harris er no komme dit i livet at han ønsker å komme seg ut av det han synest er ein fastlåst situasjon.

Empire Falls er som mange dramaseriar god når du byrjar å bli kjent med karakterane. Dette tar litt for lang tid med tanke på den avgrensande lengda til denne serien. Ettersom dette nesten er ein film burde det skje litt før og med meir futt.

Empire Falls 2005-2005 plakat - Filmdagbok